torsdag 25. november 2010

tirsdag 2. november 2010

Colombia

Tenkte det var på tide med ei lita oppdatering=) He lett for å bruke ei stund på det. Dinna oppdateringa blir litt rotete, men det fe berre ver! Der e so mykje kjekt som skjer her nede. Mykje av dagane gjenge med til jobbing og heldigvis går det bedre og bedre for kvar dag. Ungane blir meir vande te å ha mej rundt seg slik det blir mindre styr. Ein dag fekk eg den finaste velkomsten. Eg kom litt seint for det hadde vore ein misforståelse med taxien. Og då kom dei to mest utfordran gutane springane imot meg med klemmar og kyss. Det var så utruleg rørande!!



Tida gjeng so utrulig fort her nede. Ej kan ikkje tru vi allereide e i november. Vi e so utrulig heldige som e her nede og fe oppleve so mykje bra. Vi he virkelig mykje å ver takknemleg for. Kvar mandag he vi voluntørkveld. Då fer vi anten heim til utsendingane eller har opplegg på Casaen. Men no for ei veke sida var vi på besøk hos ein familie som bur ut i slummen. Dei eige eit bakeri og faren er med som frivillig på fotballprosjektet misjonsalliansen har i Guayaquil. Sjølv kor lite dei hadde, var dei so fantastisk gjestfrie. Det stråla av dei. Stråla av pågongmot og fred. Eg visste ikkje heilt om eg skulle le eller grine. Det var så rørande.
Dagen etter skulle vi på fotballkamp og då inviterte vi med heile familien. Faren hadde ikkje vore på kamp på 12 år. Det var ein fin kveld (sjølv om heimelaget tapte)
















He i løpet av mine 22 år opplevd to bursdagar i Ecuador og ingen av dei he virkelig vør optimale. Dinna gongen va det magen som ikkje va heilt på laget mitt. Han ville ikkje halde på noke ei stund so i staden for å gå på jobb blei det sofa og the oc (må syns litt synd på meg sjølv).
Heldigvis blei eg mykje bedre utover dagen slik vi avslutta dagen me jazz.














































Dagen etter bursadgen min drog vi til
Colombia, so det va virkelig bra magen va
Vi va nesten ei veke i Colombia, Cali. Der dansa vi salsa, va i zoologisk hage, såg det byen hadde å by på og var på togtur. Toget bestod av ein motorsykkel plassert på togskinna med ei planke ved sidan av som vi satt på. Då fekk vi verkeleg sjå Colombia. Colombia var mykje betre enn eg hadde forventa. Ein ser lett for seg det negative, men vi følte oss verkeleg trygge i Cali. Tryggare enn vi gjer i Guayaquil. So Colombia må absolutt besøkast igjen!!
Og hostallet vi budde på hadde to norske eksemplar av
"krig og fred". Det var verkeleg ikkje verst=)

mandag 11. oktober 2010

Cuenca































































































No he det nesten blitt ein tradisjon at vi reise vekk i helgene og dinna helga va intet unntak. Cuenca var helgas destinasjon, Ecuadors tredje største by. Vi bestilte minibuss som tok oss med over fjellet. Sjølv etter 40 minutt venting på minibussen og litt feilkøyring inni byen kom vi oss fram. Den første kvelden besøkte eg min tidlegare mentor, Edel. Det var utruleg kjekt å sjå ho igjen. Tre år sidan sist!! Det skulle ein nesten ikkje tru. Tida he gått so vanvittig fort.
Laurdagen gjekk mest med til sightseeing. Eg og Synne(ei av dei andre voluntørane) tok ein to-estasjers buss der vi fekk sjå heile byen. Sjølv om eg har budd ein månad i Cuenca, er det mykje eg ikkje har sett. På kvelden blei det eit skikkeleg herremåltid!! Marsvin stod på menyen. Det er ikkje kvar dag ein et det.
Søndagen gjekk med til klatring. Kjempe kjekt!!
So vi he hatt ei fin helg og he mykje meir å sjå fram te.
Vi var også på tivoli før vi drog til Cuenca, so vi he det virkeli som plommen i egget.
Håpe livet i Noreg e bra!!
Vil fortsatt minne folk på å sende post=)=) adressa ste i den siste posten
klem frå Ecuador

tirsdag 28. september 2010

Oppdatering










































































Tenkte det var tide på ei oppdatering frå dinna kanten. No he eg nesten vør her ein heil månad og trivast virkeleg!! Dei andre voluntørane er nokken heilt nydelege folk og vi har det kjempe bra ilag. Vil eg hvertfall påstå=)
Byrja å jobbe sist veke og det er virkelig ein utforandrane jobb. Centro creer er eit senter for barn med ulike fysiske og psykiske problem. Eg er stasjonert i den neste yngste gruppa der det er åtte barn frå ca 4-8 år. Der er fleire svært utagerande barn som treng mykje tilsyn. Ein må heile tida ha auge i natta for å unngå å få eit slag i bakhovudet eller bli dratt i håret. Ein får virkelig utfordra tolmodigheiten. Men det er verkeleg behov for oss og det er godt å vite.
Elles går dagane med til å lese(fantastisk å kunne lese akkurat det ein vil), trene, lære spansk, danse salsa og så klart jobbing. Helgane går helst med til å reise. For to helge sidan var vi i Vilcabamba og det er ein heilt nydeleg liten landsby sør i landet. Der gjekk vi på fjelltur, hadde ein lang ridetur og massasje.
Og sist helg var vi tilbake i Montanita der det blei dansing natta lang. Livet er virkeleig godt her nede. Håpe det gjeng fint i kalde Noreg også!!

Så er eg svært interessert i post frå Noreg, spesielt med litt melkesjokolade.
Og adressa er:

Casa Alianza

Casilla 09.01.16493

Guayaquil, Ecuador

onsdag 8. september 2010

Første helga!!

























































No he eg hatt mi første helg i Ecuador, og den va kjempe kjekk!! Dei andre voluntørane hadde veldig lyst å dra til Montanita so då vart eg med dit. Der vart det mykje dansing, god mat, surfing og godt selskap. Vi va til og med i eit bryllup. Der va ei norsk jente som gifta seg med ein frå Ecuador. Dei hadde invitert rundt 200 stk til eit gatebryllup, men det kom nok rundt 500-600 stk. Vi også var eigentleg ikkje invitert, men med slike gatebryllup kan nesten kven som helst kome. Festen skulle eigentleg begynne i ni-ti tida, men folka kom ikkje før rundt tolv. Så vi satt ei god stund å venta før det skjedde noko. Men det var utruleg artig å få oppleve noko slikt!!
Og nokke anna me kult som skjedde i helga var at vi var på eit diskotek på fredagen. Så var det ei av voluntørane som ønska dei skulle spele glow av madcom. Og trur ikkje du dei gjorde det!!
Så då gjekk vi alle ilag på dansegolvet å dansa til glow. Det e nokke av det kjekkaste ej he gjort!!
So helga va absolutt ein suksess
Legge ut nokken bilete so dokke fe sjå
Kor d gjeng i Noreg då?

onsdag 1. september 2010

Ecuador baby!!


Hei godtfolk
No har det seg slik at eg atter ein gong befinne meg i Ecuador. Eg vart så utruleg glad i landet sist, så måtte berre tilbake. Denne gongen skal eg jobbe som voluntør for Misjonsalliansen fram til jul. Skal jobbe på eit senter for psykisk og fysisk utviklingshemmede.
Vi er sju stk her. Seks jenter og ein gut. So langt virke alt berre bra!! Kjekke folk
Skal begynne med spansk i morga. Gleda meg!! Får min eigen lærar og alt
Elles er det 25 % avslag på frukt i dag, so då verte det hamstring for alle penga
Kosa mej godt i hengekøya mens ej e på skype
Det e livet mitt her så langt!!
hasta luego

søndag 30. august 2009

Hjelp!!

Folkens!!
Ej trenge litt hjelp.
Det he sej sånn at ej he klart å forstrekke anten ein muskel eller sene i ryggen. Og dum som ej e, so hekje ej tatt det me ro, slik at d he satt sej. Det går ut over alt. Ej kan ikkje trene, gå eller sitte utan at ej kjenne det. So det ej vil spør dokke godtfolk om e, e om dokke kan be for mej. Ej trenge virkeli eit mirakel. So viss dokke vil hjelpe mej me d, e dokke berre heilt fantastiske.
Gud kan ordne alt, so vi må berre vende oss til han.
Takk=)