fredag 10. april 2009

Påske





Det blir ikkje så ofte oppdatering frå mi side, må prøve å bli litt bedre=)

He nettopp komt tilbake frå ei fantastisk påskeferie heime som gjerne kunne ha vart litt lenger. Der var heile familien pluss søskenbarna og onkelen og tanta mi på hytta deira på bjorli. Der stod vi på ski, åt masse god mat og fekk slappa av. Elles fekk ej truffe litt venna=)=)

Hadde ein litt spesiell oppleving også:
Ej satt på bussen og plutseleg fekk ej berre heilt roa. Alt som ej hadde bekymra mej for, berre forsvann. Alt som hadde med neste år, sommaren og bilkøyringa berre forsvann. Ej he ein veldig tendens til å bekymre meg alt for mykje og sjå det negative istaden for å sjå kor heldig eg er.
I matt 6,34 står det:
34 Så gjør dere ingen bekymringer for morgendagen; morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage.
Og det trenge eg å minnast på. At eg ikkje treng å bekymre meg for morgendagen!! Og heller sjå på alt det posive i livet mitt.