mandag 11. oktober 2010

Cuenca































































































No he det nesten blitt ein tradisjon at vi reise vekk i helgene og dinna helga va intet unntak. Cuenca var helgas destinasjon, Ecuadors tredje største by. Vi bestilte minibuss som tok oss med over fjellet. Sjølv etter 40 minutt venting på minibussen og litt feilkøyring inni byen kom vi oss fram. Den første kvelden besøkte eg min tidlegare mentor, Edel. Det var utruleg kjekt å sjå ho igjen. Tre år sidan sist!! Det skulle ein nesten ikkje tru. Tida he gått so vanvittig fort.
Laurdagen gjekk mest med til sightseeing. Eg og Synne(ei av dei andre voluntørane) tok ein to-estasjers buss der vi fekk sjå heile byen. Sjølv om eg har budd ein månad i Cuenca, er det mykje eg ikkje har sett. På kvelden blei det eit skikkeleg herremåltid!! Marsvin stod på menyen. Det er ikkje kvar dag ein et det.
Søndagen gjekk med til klatring. Kjempe kjekt!!
So vi he hatt ei fin helg og he mykje meir å sjå fram te.
Vi var også på tivoli før vi drog til Cuenca, so vi he det virkeli som plommen i egget.
Håpe livet i Noreg e bra!!
Vil fortsatt minne folk på å sende post=)=) adressa ste i den siste posten
klem frå Ecuador