tirsdag 28. september 2010

Oppdatering










































































Tenkte det var tide på ei oppdatering frå dinna kanten. No he eg nesten vør her ein heil månad og trivast virkeleg!! Dei andre voluntørane er nokken heilt nydelege folk og vi har det kjempe bra ilag. Vil eg hvertfall påstå=)
Byrja å jobbe sist veke og det er virkelig ein utforandrane jobb. Centro creer er eit senter for barn med ulike fysiske og psykiske problem. Eg er stasjonert i den neste yngste gruppa der det er åtte barn frå ca 4-8 år. Der er fleire svært utagerande barn som treng mykje tilsyn. Ein må heile tida ha auge i natta for å unngå å få eit slag i bakhovudet eller bli dratt i håret. Ein får virkelig utfordra tolmodigheiten. Men det er verkeleg behov for oss og det er godt å vite.
Elles går dagane med til å lese(fantastisk å kunne lese akkurat det ein vil), trene, lære spansk, danse salsa og så klart jobbing. Helgane går helst med til å reise. For to helge sidan var vi i Vilcabamba og det er ein heilt nydeleg liten landsby sør i landet. Der gjekk vi på fjelltur, hadde ein lang ridetur og massasje.
Og sist helg var vi tilbake i Montanita der det blei dansing natta lang. Livet er virkeleig godt her nede. Håpe det gjeng fint i kalde Noreg også!!

Så er eg svært interessert i post frå Noreg, spesielt med litt melkesjokolade.
Og adressa er:

Casa Alianza

Casilla 09.01.16493

Guayaquil, Ecuador

onsdag 8. september 2010

Første helga!!

























































No he eg hatt mi første helg i Ecuador, og den va kjempe kjekk!! Dei andre voluntørane hadde veldig lyst å dra til Montanita so då vart eg med dit. Der vart det mykje dansing, god mat, surfing og godt selskap. Vi va til og med i eit bryllup. Der va ei norsk jente som gifta seg med ein frå Ecuador. Dei hadde invitert rundt 200 stk til eit gatebryllup, men det kom nok rundt 500-600 stk. Vi også var eigentleg ikkje invitert, men med slike gatebryllup kan nesten kven som helst kome. Festen skulle eigentleg begynne i ni-ti tida, men folka kom ikkje før rundt tolv. Så vi satt ei god stund å venta før det skjedde noko. Men det var utruleg artig å få oppleve noko slikt!!
Og nokke anna me kult som skjedde i helga var at vi var på eit diskotek på fredagen. Så var det ei av voluntørane som ønska dei skulle spele glow av madcom. Og trur ikkje du dei gjorde det!!
Så då gjekk vi alle ilag på dansegolvet å dansa til glow. Det e nokke av det kjekkaste ej he gjort!!
So helga va absolutt ein suksess
Legge ut nokken bilete so dokke fe sjå
Kor d gjeng i Noreg då?

onsdag 1. september 2010

Ecuador baby!!


Hei godtfolk
No har det seg slik at eg atter ein gong befinne meg i Ecuador. Eg vart så utruleg glad i landet sist, så måtte berre tilbake. Denne gongen skal eg jobbe som voluntør for Misjonsalliansen fram til jul. Skal jobbe på eit senter for psykisk og fysisk utviklingshemmede.
Vi er sju stk her. Seks jenter og ein gut. So langt virke alt berre bra!! Kjekke folk
Skal begynne med spansk i morga. Gleda meg!! Får min eigen lærar og alt
Elles er det 25 % avslag på frukt i dag, so då verte det hamstring for alle penga
Kosa mej godt i hengekøya mens ej e på skype
Det e livet mitt her så langt!!
hasta luego