lørdag 22. august 2009

Bergen!!


No e d vannvitti lenge sida ej he blogga! So då må det gjerast nokke
Ej e for tida stasjonert i vakre Bergen by og der ska ej ta psykologi årsstudium. Målet for året e å få gode nok karaktera til å gå vidare på profesjon. Dessverre ekje d berre mej som he d måle. Men ej he Gud på mi side!! So viss ej legge studiet i hans hender, vil alt gå bra=)
Elles he ej endeli begynt å ta lappen. Ikkje heilt ferdig, men håpa på oppkøyring i 2009. Det ska bli ein gledens dag!!
So sakna ej dei utruli kjekke tausene som e i kristiansand!! Dokke e djupt sakna. Gleda mej te å komme på besøk
Elles ska ej bli litt flinkare å blogge no!!
So må dokke alle ha ei fin-fin helg og Gud velsigne dokke alle

fredag 10. april 2009

Påske





Det blir ikkje så ofte oppdatering frå mi side, må prøve å bli litt bedre=)

He nettopp komt tilbake frå ei fantastisk påskeferie heime som gjerne kunne ha vart litt lenger. Der var heile familien pluss søskenbarna og onkelen og tanta mi på hytta deira på bjorli. Der stod vi på ski, åt masse god mat og fekk slappa av. Elles fekk ej truffe litt venna=)=)

Hadde ein litt spesiell oppleving også:
Ej satt på bussen og plutseleg fekk ej berre heilt roa. Alt som ej hadde bekymra mej for, berre forsvann. Alt som hadde med neste år, sommaren og bilkøyringa berre forsvann. Ej he ein veldig tendens til å bekymre meg alt for mykje og sjå det negative istaden for å sjå kor heldig eg er.
I matt 6,34 står det:
34 Så gjør dere ingen bekymringer for morgendagen; morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage.
Og det trenge eg å minnast på. At eg ikkje treng å bekymre meg for morgendagen!! Og heller sjå på alt det posive i livet mitt.

fredag 30. januar 2009

Oppdatering

No er det lenge sida eg har oppdatert. Fekk fri frå skulen heilt i byrjinga av desember, så før eg drog heim var eg både innom Stavanger, Bergen og Vestborg. Og i jula har eg slappa av, jobba og truffe venna. Ei heilt perfekt jul.
Men no er det skule for alle penga. Skal ha eksamen i anatomi 5. mars, og derfor lese eg som ein galning. Eller prøva=)
Har fått jobb i Kristiansand, på psykiatrisk. Kjempe spannande og eg lære masse! Der skal eg jobbe annakvar helg. Elles skal eg på ein del tura med idrett.
Trivast i Kristiansand, så det skal blir trist å dra frå dinna byen.
Pluss: Gud e go!!!
Takk og fravel






søndag 9. november 2008

Helg i Oslo



































































Sist helg va ej so heldig, at ej fekk fare til Oslo. Det vart ei kjempe artig helg med mange kjekke folk og mange gøye ting. Ej budde med Therese og Elisabeth, men traff mange andre kjentfolk.

tirsdag 21. oktober 2008

Eit himla liv=)

Viss dokke vil sjå fleire filma, gå inn på gryfossan.blogspot.com

mandag 20. oktober 2008

Ein irreterande bussjåfør!!

Maria og Gry litt overtrøtte=)

søndag 12. oktober 2008

Maria og Gry i baneheia

Ein vakker haustdag i oktober, tok Gry og Maria ein liten tur i Baneheia. Der leika dei, klatra i tre, Maria øvde på orientering og hadde priknik. Gøy!!